1 Trykt: Heimen 2014 hefte 2, s. 168–177 I kva grad kan vi kalle busetnadshistorie – eller gards- og ættesogeverk – «forsking»? Av Arnfinn Kjelland Innleiing 1 Som kjent har dei tilsette på universitet og høgskular (UH-sektoren) vore underlagt eit såkalla «teljekantsystem» som ein del av finansieringssystemet i sektoren sidan 2003. Institusjonane dei er tilsette ved får ein betydeleg del av løyvingane sine på grunnlag av det dei fagleg tilsette «produserer» av uteksaminerte studentar og forsking i form av «vitskaplege publikasjonar» som blir innmeldt i eit rapporteringssystem (Cristin). 2 Ein del tilsette i sektoren har teke på seg og/eller fått høve til å skrive lokalhistorie i den sjangeren som no gjerne blir kalla busetnadshistorie 3 som eksterne oppdrag. Det kan derfor forventast at også slike bøker vil bli innrapporterte som vitskaplege publikasjonar. Det gjeld i alle fall bygdebøker for Vikedal, Sandeid og Vikebygd i Vindafjord kommune, som Universitetet i Stavanger har teke på seg som eit oppdrag under føresetnad av at verket blir gjeve ut på eit akkreditert forlag. 4 I denne artikkelen skal eg sjå litt nærare på kva det kan vere naturleg å krevje av slike busetnadshistoriske verk for at ein som fagfelle kan stå inne for at dei fyller dei krava som i denne samanhengen 5 er stilt for å kunne kallast vitskaplege. I ei slik vurdering må ein sjølvsagt legge dei kriteria Universitets- og høgskulerådet (UHR) har utarbeidd til grunn. Desse er: 6 En vitenskapelig publikasjon defineres gjennom fire kriterier, hvorav samtlige må være oppfylt. Publikasjonen må: 1. presentere ny innsikt 2. være i en form som gjør resultatene etterprøvbare eller anvendelige i ny forskning 3. være i et språk og ha en distribusjon som gjør den tilgjengelig for de fleste forskere som kan ha interesse av den 4. være i en publiseringskanal (tidsskrift, serie, bokutgiver, nettsted) med rutiner for fagfellevurdering […] Definisjonen [er] gitt på en slik måte at den skal kunne gi ulike rimelige tolkninger ut fra publiseringstradisjoner i ulike fag (mi utheving). […] Definisjonen er ment å omfatte alle fags formelle krav. 1 Takk til kollega Atle Døssland ved Høgskulen i Volda for nyttige kommentarar. 2 Vekt på forsking. Forskjellige typar publikasjonar, mellom anna artiklar i tidsskrift og antologiar og monografiar, på to «nivå», får tildelt poeng: www.cristin.no. I dei årlege statsbudsjetta er det så sett av eit beløp til forsking ved UH- institusjonane som blir fordelt etter talet på slike poeng to år tidlegare. 3 Eg nyttar i det følgjande denne nemninga for den eldre og kanskje vanlegare «gards- og slektshistorie», «ættesoge» o.l. Jf. om sjangeren nedafor. 4 Vindafjord kommune. Sakspapir. Arkivsaknr. 10/1439: Bygdebokarbeid – 2010 og framover. Kommunestyret 06.09.2011. At publikasjonen er gjeve ut på eit såkalla akkreditert forlag er ein av føresetnadane for at den skal kunne rapporterast som vitskapleg i Cristin. 5 Sjå nedafor. 6 Vekt på forsking s. 25.