Trykt i Voldaminne 2010 s. 175–196 Austefjordingar i felttoget 1940 Av Arnfinn Kjelland Det er onsdag 24. april – nesten 10 dagar etter telefonen med innkallinga kom. Johannes M. Høydal står vakt ved mitraljøsestillinga på ein bergknaus ovanfor Verma kapell øvst i Romsdalen. Eit stort Heinkel bombefly kjem lågt nedover dalen, så lågt at karane ved mitraljøsene kan sjå ned på oversida av det. Det er tre tunge Colt-mitraljøser i stillinga, og alle tre opnar eld mot flyet. Røyk og flammar veltar ut av flykroppen, det mister høgd nedover, men er framleis på vengane da det forsvinn ut av syne der dalen svingar sørover nedafor Flatmark. Flyet kjem likevel ikkje så mykje lenger. Nokre hundre meter nedafor Horjemseidet, i Eiafossen ved Fiva, styrtar det i Rauma. Ikkje langt unna står Karl Dahle på vakt, og når flyet går i elva får han og nokre fleire straks ordre om å rykke ut for å ta det tyske flymannskapet til fange. Dei kryp framover med geværa klare, men dei tre tyskarane på elvebreidda rekker hendene i veret og overgir seg. Inne i flyet ligg ein fjerde tyskar, flygaren, hardt skadd. Karl og eit par soldatar står att som vakt, medan dei tre andre tyskarane blir førte vekk. Den såra tyskaren har store smertar og ber dei om å skyta han, men det fell dei sjølvsagt ikkje inn. Da klarer han å trekke fram ein pistol og avsluttar livet sitt sjølv, beint framfor auga til Karl og dei andre. 1 Slik kan vi tenkje oss situasjonen var i Romsdalen denne dramatiske dagen, da førstebataljon av Møre infanteriregiment nr 11 (IR 11) var i harde kampar med tyskarane ved Fåvang nede i Gudbrandsdalen og bombeflya sirkla over møresoldatane og pepra dei med bomber og mitraljøseeld. Ved Fåvang var ikkje mindre enn 13 av dei om lag 24 karane frå Austefjorden med, fire av dei i til dels hard eldkamp (sjå nedafor). På dette tidspunktet hadde dei nok vent seg til at tilveret var snudd på hovudet. Om dei fleste ikkje hadde sett så mange tyske soldatar, hadde dei i fleire dagar vore utsette for omfattande og skremmande bombing og mitraljøseeld frå dei tyske flya, som hadde nesten totalt herredømme i lufta. I dag, meir enn 70 år seinare, er det vanskeleg å førestille seg korleis dette vart opplevd. Ingen av dei som var involverte er mellom oss lenger, men nokre fortalde i 1990 litt frå det dei opplevde desse aprildagane. Austefjord museumlag (AMU) skreiv ned referat av forteljingane, og desse skriftlege kjeldene er utgangspunktet for dette stykket. Bakast i stykket står ei liste med namna på karane. Harry Geitvik fortalde elles historia si til fleire, og lenger framme i dette nummeret er historia hans attgjeve. Situasjonen og mobiliseringa Dei første dagane av april 1940 må ha vore særs spesielle. Jostein Nerbøvik har skildra dei i det bygdebokbandet som handlar om krigen, så eg skal ikkje gå nærare inn på den allmenne situasjonen. Men ein ting var kva kjensler folk allment hadde, noko anna var det nok for den gruppa dette stykket skal handle om; dei unge karane frå Austefjorden som hadde eit eige, spesielt kort liggande, krigstenestekortet. Alle som har gjort militærteneste og vore mobiliseringsdisponert fram til 2004 fekk kvart år tilsendt eit slikt kort; som gav informasjon 1 Denne hendingsgangen er rekonstruert på grunnlag av nr 21, Nisja 1980 og Klungnes 1995.