Av Åslaug Ommundsen Nonneseter i Bergen – eit benediktinarkloster Nonneseter kloster i Bergen blei grunnlagt på 1100-talet og var dei neste hundreåra det største og rikaste kvinneklosteret i Noreg. Sidan Langes klosterhistorie frå 1847 har det vore hevda at Nonneseter var cisterciensisk og ikkje benedik- tinsk, ein teori som er utfordra dei siste åra. Med utgangs- punkt i kjeldene, blant anna eit dokument frå 1509 som til no er blitt oversett med omsyn til ordenstilknytinga, argu- menterer forfattaren for at det ikkje er grunnlag for å tru at Nonneseter var knytt til cisterciensarordenen. Tvert imot tyder alt på at Nonneseter var eit benediktinarkloster frå grunnlegginga og fram til klosteret blei nedlagt på siste halvdel av 1400-talet. aslaug.ommundsen@cms.uib.no Åslaug Ommundsen er post.doc ved CMS, Universitetet i Bergen Historisk tidsskrift Bind 89, s. 547–571 © Universitetsforlaget 2010 English abstract p 685