HAVFORSKNINGSINSTITUTTET SENTER FOR MARINE RESSURSER IT IX-91 FORDELING OG RELATIV MENGDE AV NORSK ARKTISK TORSK HAUSTEN 1990 Resultat frå tokt utført med 6 kommersielle trålarar SAMANDRAG Sigbjørn Mehl, Olav Rune Godø, Knut Korsbrekke Havforskningsinstituttet Postboks 1870 Nordnes 5024 BERGEN I november 1990 vart det gjennomført eit tilsvarande trålartokt i Barentshavet - Svalbardområdet som hausten før, men med litt ferre fartøy og over ein litt lengre periode. Det vart gjennomført 242 faste og 88 fritt. valde trålhal med kommersiell trål, samt 56 parallelle samhal med Havforskningsinstituttet sin standard forskningstrål og den kommersielle trålen. Det er rekna ut tilsvarande mengdeindeksar som i 1989, og desse viser ein liten auke basert antal og ein noko større auke basert vekt. Lengdefordelingane frå toktet viste ein høgare frekvens av større fisk enn året før. Alt dette samavarar bra med resultat frå andre forskningstokt, og tyder bra individuell tilvekst i bestanden av norsk arktisk torsk, men heller låg rekruttering til den fiskbare delen av bestanden. For fisk over 50 cm var den kommersielle trålen omlag 1.8 gonger effektiv som forskningstrålen.